Ny vandreturné!

Eg er veldig glad for å kunne skrive at det blir ny vandreturné i 2026! Årets tur hentar inspirasjon frå to hardingfelelegender og vandrepionerar, Knut Lurås (1782-1843) og Jørn Hilme (1778-1854), og møta mellom desse – ruta går frå Luråsgrende i Tinn til Fagernes i Valdres.  

Foto: Jørn Ranum

Her er konsertlista:

30.06 Miljom-Luraas, Tinn 
01.07 Skirvedalen Fjellstue, Tinn 
03.07 Wetterhus, Nore  
04.07 Haglebu Fjellstue 
06.07 Hagaled, Nesbyen 
07.07 Vonheim, Gol  
08.07 Tisleidalen kyrkje  
09.07 Valdres Folkemuseum, Fagernes  

Blir det åtte like konsertar?
Nei! Alle konsertane blir unike og tek opp i seg lokalt stoff og musikalske forbindelsar mellom den aktuelle staden og Hilme/Lurås. Alle konsertar startar med ein improvisasjon over dagen. Det blir også forskjellige gjesteartistar. Detaljert info om konsertinnhaldet kjem på løpande band på heimeside, SoMe og nyhendebrev.  

Kan eg vere med å gå? 

Ja! Det blir lagt opp til enkeltetappar som blir mogleg å vere med på. Det blir i alle fall organiserte fellesturer her:  

30.06 Lurheim - Miljom-Luraas  
1.07 Haukås - Skirvedalen Fjellstue  
4.07 Haglebunatten (før konsert) 
5.07 Haglebu-Reinsjøen (Til Reinsjødansen) 
9.07 Valdres folkemuseum (før konsert) 

 … og kanskje fleire stader. Ta kontakt dersom du er interessert i å vere med å gå over fleire dagar! Totalt er ruta på omlag 200km, dei fleste dagane byr på overkommelege dagsetappar og fint fjellterreng, med nokre få unntak (les: ein litt for lang dagsetappe). 

Det var mange fine augneblink på turen i fjor og eg håpar folk finn vegen til sommarens konsertar, og blir med på å skape nye minner og opplevingar.  

Takk til Kulturrådet som gjer det økonomisk mogleg å gjennomføre prosjektet. 

Sjølv om eg står som både administrativt og kunstnarleg ansvarleg for dette prosjektet, er det mange samarbeidspartnarar involvert: Tinn spelemannslag, Lure historielag, Skirvedalen fjellstue, Numedal spel- og dansarlag, Sigdal spellemannslag, Haglebu fjellstue, Nes spel- og dansarlag, Gol spel- og dansarlag og Jørn Hilme-stemnet.  

Foto: Jørn Ranum