Vandreturné 2026
Vandreturnéen inneheld desse konsertane:
30.06 Miljom-Luraas, Tinn
1.07 Skirvedalen Fjellstue, Tinn
3.07 Wetterhus, Nore
4.07 Haglebu Fjellstue
6.07 Hagaled, Nesbyen
7.07 Vonheim, Gol
8.07 Tisleidalen kyrkje
9.07 Valdres Folkemuseum, Fagernes
Sivert Holmen (1992) er komponist og utøvar av hardingfele og hardanger d’amore.
I musikken hans møter tradisjonsmusikk impulser frå samtidsmusikk, improvisert musikk og kunstmusikk. Holmen er involvert i ulike samspelsprosjekt, sceniske framsyningar i tillegg til å vere ein aktiv soloutøvar på hardingfele og opptre som solist med ulike orkestre og ensemble.
Holmen har ein bachelorgrad (2016) og mastergrad (2023) frå Norges musikkhøgskole.
Priser og stipend:
2025 Tonostipend
2024: Folkelarmprisen for «Bill.mrk. Heil ved» med Ådne Kolbjørnshus og Andreas Bratlie
2024: Statens arbeidsstipend for unge kunstnarar
2023: Innlandet sitt stipend for unge kustnarar
2022: Vinner av Fanitulltevlinga på Folkemusikkveka, Ål
2017: Øyvind Berghs minnepris
2016: Vinner av Fureprisen
2015: Vinner of INTRO-folk i duoen Odde & Holmen, årets unge folkemusikarar