Bli med å vandre på vandreturné!

Eg ønsker å ta med publikum på delar av vandreturnéen, og håpar spesielt folk har lyst til å bli med på å gå avslutninga av turen! Den går frå sjølvaste Hilmishagin til Valdres Folkemuseum.  

Oppmøte i Hilmishagin 9. juli 15.30! 

Turen startar på heimplassen til Jørn Hilme, Hilmishagin. På hustuftene til den legendariske spelemannen og namnefaren til Jørn Hilme-stemnet blir det litt Hilmeslåttar og Hilmisprat før vi går i samla flokk til Valdres Folkemuseum. Turen er omlag 6,5 km og går i fint skogsterreng og kulturlandskap over Fodnes, Fodnesåsen og Vardakamben. Vi reknar med å bruke to timar på turen og vel ankomne på Valdres folkemuseum kan ein kjøpe seg middag før kvelden går i gang med konsert med Gabba, quiz, rengje-konsert med Sivert Holmen, Marte og Frida Haltli og dans. Vel møtt!  

Påmelding til sivert.holmen@gmail.com  

Parkering: Det er plass til nokre biler langs vegen. Det er også mogleg å parkere på Uppheim. Uroa for korleis du skal få henta bilen? Gje eit hint så ordnar vi felles skyss attende.  

Andre etappar eg håpar å få med folk på:  

30. Juni 17.30: Lurheim til Miljom-Lurås m/guide og musikk! Lengde: 1,1 km (140 hm)  

1. juli 10.00: Haukås til Skirvedalen fjellstue. Lengde: 10 km (700 hm).  

4. juli 14.00: Haglebu feriesenter – Haglebunatten – Haglebu fjellstue m/Hilde Bergan. Publikum møter musikk(aren) på Haglebunatten Lengde: 2,5 km (500 hm) opp + 3 km ned.  

5. juli 10.00: Flatvollen-Reinsjøfjelldansen m/musikk og guiding. Lengde: 8 km ein veg. (Etter Reinsjøfjelldansen kan ein t.d. gå same veg attende eller halde fram i retning Langedrag).  

Neste
Neste

Vandreturnéen er klar!