Sivert Holmen (1992) er komponist og utøvar av hardingfele og hardanger d’amore.

I musikken hans møter tradisjonsmusikk impulser frå samtidsmusikk, improvisert musikk og kunstmusikk. Holmen er involvert i ulike samspelsprosjekt, sceniske framsyningar i tillegg til å vere ein aktiv soloutøvar på hardingfele og opptre som solist med ulike orkestre og ensemble.

Holmen har ein bachelorgrad (2016) og mastergrad (2023) frå Norges musikkhøgskole.

Priser og stipend: 

  • 2025 Tonostipend

  • 2024: Folkelarmprisen for «Bill.mrk. Heil ved» med Ådne Kolbjørnshus og Andreas Bratlie 

  • 2024: Statens arbeidsstipend for unge kunstnarar

  • 2023: Innlandet sitt stipend for unge kustnarar

  • 2022: Vinner av Fanitulltevlinga på Folkemusikkveka, Ål 

  • 2017: Øyvind Berghs minnepris 

  • 2016: Vinner av Fureprisen

  • 2015: Vinner of INTRO-folk i duoen Odde & Holmen, årets unge folkemusikarar