Tilbake til alle arrangementer

Vandreturné #3 - Wetterhus, Nore

  • 462 Vetterhusgrendvegen Nore, Buskerud, 3629 Norway (kart)

Vandreturné #3 - Wetterhus, Nore

Jørn Hilme og læresveinane.

Jørn Hilme hadde nokre viktige læresveinar, og spelet hans levde vidare gjennom dei som lærte hjå han – i tillegg dukkar det opp Hilme låttar hist og her, også i Numedal. På denne konserten får de høyre Hilme-låttar frå kjelder så tett på Hilme som ein kjem – via transkripsjonar av utøvarar som Andreas Hauge og Ulrik i Jensestogun er vegen relativt kort attende til Hilme, korleis ser Hilme-spelet ut gjennom dette perspektivet?

Munnharpevirtuos Thov Wetterhus opnar opp dørene for konsert på Wetterhus og det er ei sann glede å ha med både Thov og sonen Sjur som kortreiste gjesteartistar på konserten.

I år er det også 240 år sidan Pål Løyntnansdreng vart fødd, ein utøvar som også levde samtidig med HIlme – kanskje dukkar det opp Pålslåttar på konserten også?  

Vaksne: 200,- Ungdom(12-18)/student: 100,- Barn under 12 gratis.

Billettar kjøpast her: https://sivertholmen.ticketco.events/no/nb/e/vandreturn_3__wetterhus_nore

Konserten er støtta av Kulturrådet

Forrige
Forrige
1. juli

Vandreturné #2 - Skirvedalen fjellstue

Neste
Neste
4. juli

Vandreturné #4 - Haglebu